Norges-musikkhogskole-1983 (2).jpg
Musikkhøgskolen i 1983.

Frå musikkonservatorium til statleg høgskole

– eit seminar om «pioneråra» 1969-1979

  • Fredag 11. september kl. 10.00 – 16.00
  • 10.00
  • Fellesrommet (139)

Program

  • Kva spørsmål var heite i diskusjonane om ein statleg musikkhøgskole på tampen av 1960-talet?
  • Burde høgskolen ligge i Bergen eller Oslo?
  • Skulle ein byggje på verksemda ved eit eksisterande musikkonservatorium eller byggje nytt frå botnen av?
  • Kven skulle den nye musikkhøgskolen først og fremst utdanne: orkestermusikarar og solistar, pedagogar eller kyrkjemusikarar?
  • Og korleis kunne studieplanane best sikre kvaliteten i utdanninga?

Historieprosjektet ved NMH inviterer til seminar om overgangen frå privat konservatorium til statleg høgskole. Hovudinnleiarar er styreleiar av Lindemans legat og tidlegare studiesjef Einar Solbu og tidlegare rektor og professor i musikkpedagogikk Harald Jørgensen, som begge var sentrale i oppbygginga av NMH. Alfred Fidjestøl, som skriv boka om NMH til 50-årjubileet i 2023, vil sjå på etableringa av NMH i kultur- og utdanningspolitisk lys.

Nils Bjerkestrand, professor i musikkteori, og Ingrid Maria Hanken, professor i musikkpedagogikk, vil trekke linjer frå «pioneråra» og vidare framover. Det blir òg paneldebatt om spørsmål som var sentrale i åra 1969-1979 – og kanskje er det enno?

Kontakt

Forskar og leiar for NMHs historieprosjekt.

imported-image

Astrid Kvalbein

Forsker

Musikkhistorie